Røykledalsbandet med utsikt over Tunsbergsdalsbreen
På denne turen får me utsikt mot Norge-, og truleg fastlands-Europas lengste brearm: Tunsbergdalsbreen. Han ligg som eit hav under oss. Her ser ein heile breen frå der han renn ut frå Jostedalsbreen og heilt ned til fronten ned mot Tunsbergdalsvatnet. Brearmen er ca 10 km lang, men vi skal ikkje ned på han, berre nyte det flotte oversynet 4-500 meter høgare oppe.
Turen startar ved Snøtun i Krundalen i Jostedalen. Frå Krundalen går ein på fin sti med vedvarande stigning opp til Røykjedalsstølen.Herifrå går stien slakare innover ein fin beitedal og inn til nokre vatn. Vidare blir det meir stien og ur og utan sti. Stor ur og truleg kryssing av ei mindre snøfonn inst i dalen før ein kjem opp på Røykjedalsbandet. Turen tek 7-8 timar, er ca 900 høgdemeter.
Turleiar: Anne Rudsengen, tlf. 959 63 888 og Arne Fossøy, tlf. 917 44 453
Foto: Anne Rudsengen