Yngsdalen- Sogndalsdalen

Fellestur

Dato
11. september kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Sogndalsdalen, Sammenpåtur, Båttransprot
Arrangører
Sogndal Turlag, Luster Turlag

Søndag 11.september har Sogndal turlag fellestur med Luster turlag frå Yngsdalen til Svedal i Sogndalsdalen. Turen går først med båt frå Ugulsviki over Veitastrondsvatnet, vidare på god sti opp til den nedlagde høgdegarden Yngsdalen, via Vårstølen og over fjellet til Svedal. Det er ein interessant tur for alle med interesse for kulturhistorie og natur. Turen vil ta om lag sju timar, og med ei høgdestigning på nærare 900 meter må det seiast å vere ein relativt tung tur. Det er påmelding til turen, som startar med buss kl.09:00 frå Allmenningen. Det er også mogleg å gå på bussen på Hafslo. Frå Svedal blir det buss attende til Sogndal og Hafslo.

Meld deg på turen via heimesida, det er begrensa tal plassar!

Turleiar: Perdy Hesjevoll (tlf. 900 99 028) og Nils Erling Yndesdal (tlf. 957 23 372)

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Perdy Hesjevoll