BRETUR PÅ AUSTERDALSBREEN

De glade brevandrere.
De glade brevandrere. Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Bli med på tur til Austerdalsbreen!

Dette er ein flott tur. Det tek ca 1,5  timar å gå inn til brefoten. Der vil me ta på utstyr og vandre innover i isen med fantastisk  utsikt til brefalla Odin, Tor og Loke,  som Slingsby kalla "the finest ice scenery in Europe"

Føraren kan ta med 8 gjester på denne turen som totalt tek  ca 8-9  timar inkludert gode pausar. 

Du treng gode sko. Fjellsko er det beste, men stødige joggesko fungerer og. Du treng og heildekkande kle til brevandringa og det er viktig at du har hanskar. 

Om du då i tillegg tek med ei god niste og kamera, har du det viktiaste med. 

Breutstyr får du låne av oss.

Pris på tur som privattur

5000 kr for opp til 5 gjester. 6000 kr for 6-8 gjester. 

Pris på tur som open føring, dvs enkeltåpmeldingar til gruppe opp til 8 personar.

1000 per pers. 

Det må vere minimum 4 deltakarar for at turen skal gjennomførast.

Start

Start kl. 09.00 på Tungestølen Turisthytte.

Aldersgrense er 12 år om ein går i ei gruppe saman med ukjende. Ein må vere van med å gå turar av denne lengda. 

Om ein går turen som privat-tur kan me ta ein prat om det er ok at det er yngre med. Det er ein relativt lang tur, men det er mange som eryngre som  er vande med å gå lange turar , så det vurderer me saman :-) 
​​​​​​​

Vilkår

Avbestilling mellom 6 og 3 veker før tur, me fakturerer 1/3 av full pris. Avbestilling seinare enn 3 veker før tur- me fakturerer  2/3 av full pris.

På grunn av korona-situasjonen lyt me no ta litt ekstra hensyn når me skal på tur. 

  • Om du som skal på tur med oss  har symptom som tilseier at det kan vere covid-19 skal du ikkje komme på tur. 
  • Om føraren har symptom vil me prøve å skaffe ein ny førar. Om det ikkje let seg gjere, vil me avlyse turen. Dette vil sei at i ei periode no vil terskelen for å avlyse grunna symptom vere lågare enn vanleg.   Me vil låne ut utstyr til dei som ikkje har sjølv. Det utstyret som Norgesguidene låner ut  vil bli reingjort etter bruk,om det ikkje er mogleg vil det rullert på.
  • Ved avlysning fra gjesten sin side - uansett årsak - gjeld vanlege avbestillingsvilkår!


PÅMELDING

post@norgesguidene.no eller på tlf 92054057

Påmeldingsfrist er 14 dagar før tur. 

Om turen er satt opp er det sjølvsagt moglegheit for å melde seg på fram til turstart om det er ledig kapasitet.